logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Leikarringen        
 

: Leikarringen

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Leikarringen

LEIKARRINGEN I BUL KRISTIANSAND
Øving kvar måndag kl 20-22.

 

Frå Dansens dag på Fylkesmuseet.

 

LEIKARRINGEN
Leikarringen startar opp øvingane våren 2013 den 7 januar kl 20.00 - 22.00.

Nye og gamle dansere er veldig velkomne!

Fast øving kvar måndag kl 20.00-22.00 i BULs lokaler i 2.etg.
Instruktørar er Knut Elling Pedersen, Enny-Karin Vindheim, Marit Nordlid, Else Jensen og Berta Sørstrønen.

KVA  ER  LEIKARRINGEN  OG  KVA  GJER  VI?
Leikarringen i BUL er staden for deg som er interessert i norsk folkedans. Her er tilbod av ulike slag for danseglade i dei fleste aldersgrupper. Leikarringen steller også i stand div. festar og kurs. Leikarringen samarbeider med resten av BUL og med andre lag i nærleiken. Derfor blir det å danse i Leikarringen også ein  inngangsbillett til eit stort og positivt sosialt nettverk.
Kvar måndagskveld er det øving både i den vaksne leikarringen og i barneleikarringen. Den vaksne leikarringen har rundt 50 medlemmer. Leikarringen har også framsyningar i Kristiansandsområdet og reiser gjerne på festivalar og på besøk til andre grupper både i inn- og utland.
Barneleikarringen har for tida ca 10-15 medlemmer frå 6 år og oppover. Barneleikarringen samarbeider med andre barnelag i området, er med på diverse tilstellinger og reiser på tur.

Styret i Leikarringen har 1 leiar, 2 styremedlemmer og 1 varamedlem. (Ny valordning frå 2008)Hovudoppgåver til styret er: Starte dansekurs vår og haust, sørgje for instruktørar og spelemenn til øvingane, få tak i dansarar til framsyningar.
Leiaren er også medlem i hovudstyret og er bindeledd mellom særlaget og hovudlaget.

Leiaren for perioden 2013 er Enny-Karin Vindheim 
mob 90565651, e-post: enny-k@online.no