logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Lenker        
 

: Aktiviteter
: Bilder
: Hus
: Folkedans
: Bunad
: Kontakt
: Eksterne lenkjer

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Hus

 

Lagsbruket har ansvar for drift og vedlikehald av BUL sin eigedom, Gyldenløvesgate 11.

Ønskjer du å leige festlokale hjå BUL, er utleigeprisane inkludert vask:

  Ikkje medlemmer   Medlemmer
 Sal +  kjøkken 2000 1000
 1/2 Sal + kjøkken 1000     500

Leiar for Lagsbruket:
Ole Steffen Gusdal, tlf: 38 09 37 71

 

Gyldenløvesgate 11

 

 

Laget har og si eiga hytte, Enghaughytta.
Hytta har tre soverom i loftsetasjen med til saman 18 sengeplassar. På grunnplanet finn vi stove og kjøkken med komfyr, mikrobølgeomn, kjøleskåp og fryseboks, og en liten gang.
Vasskran på ytterveggen. Hytta har elektrisk oppvarming og vedfyring. Der er  utedo.

 

Hyttestyre 2008
 Svein Jepsen
 Tom Robstad

Enghaughytta ein tidleg vårdag

 

 

Liv og røre på hytta

Slik skal det vere på hytta - liv og røre!

 

Med flagget til topps!

Er det reinlender, tru?

 

Og tjo og hei!

 

 


Årsmelding for Lagsbruket 2010

 

Lagsbruket har i år hatt desse medlemmene: Odd Søftestad, Hans Erik Sætrum, Arnhild Egeland, Dag Olav Hagen og Ole Steffen Gusdal. John Seland har vore rekneskapsførar.

I 2010 har lagsbruket utført/ arbeidd med følgjande tiltak:
Sliping og lakking av Bulsalen
Planlegging av fornying/ oppussing til 100 års jubileumet.
Nye gardiner i Bulsalen
Oppussing av gangen
Vurdering av ny inngang med heis til kafe Påfyll
Diverse årlege oppgåver

Som tidlegare år samarbeider Mållaget og Bul godt om drift og vedlikehald av bygget i Sameiget Gyldenløvesgate 11.

Økonomien for lagsbruket er tilfredsstillande, men dei årlege utgiftene aukar.

I 2011 går leigeavtalane med Studenten Catering og kafe Påfyll ut, og det blir spennande om me får til nye avtalar.

Christiansand swingklubb og Kristiansand spel- og dansarlag har sagt opp sine leigeavtalar. D.v.s. at i BUL pr. dato ikkje leiger ut fredag- kveld, laurdag, søndag og tysdag kveld. Ei viktig sak i 2011 blir derfor korleis BUL vil bruke lokala til eigne aktivitetar og til utleige.

Til slutt takk til alle som har deltatt på dugnadar og elles bidrar til at lokala er i orden.


Lagsbruket 23.12.2010

 


Har du nøkkel til BULsalen.

Mange har nøkkel til BULsalen og det er ønskeleg når du har behov for den.
Men for å unngå stadig å kjøpe inn nye nøklar, er det ønskeleg at dei som ikkje har behov for nøkkelen lenger levere den tilbake. Nøkkelen kan leverast til ein av oss i lagsbruket.

Ole Steffen Gusdal